Invitasjon
Skodespelar i teaterstykke om 5 kvinner?
Noregs Ungdomslag vil lage eit teaterstykke om fem kvinner frå fem ulike land. Dette skal vere historiene til kvinner som har kome til Noreg gjennom ekteskap med nordmenn. Det kan også vere historia til mor, tante eller ein annan nær person. Vi treng kvinner som vil fortelje si historie og som vil vere med og spele i teaterstykket.
Prosjektet gjennomfører vi i samarbeid med Det Norske Teatret og Nordic Black Theatre.
Vi vil bruke teater til å gjere enkeltmenneske sine historier verkeleg for publikum. Vi vil gå bak det tabloide biletet som ofte kan bli teikna i media og i offentleg debattar. Vi vil møte historiene til menneske som har kome frå andre stadar i verda. Som har reist frå heimane sine, familiane og venene sine. Som har reist frå kulturen, arven, religionen og varmen. Og som har med seg sitt språk, sin kultur, sin identitet og ein draum om eit godt liv i Noreg saman med den dei elskar. Prosjektet er også eit uttrykk for at vi ynskjer å bidra i debatten om ei god utvikling av det fleirkulturelle samfunnet.
Når det gjeld bakgrunnen til kvinnene er det fint om dei har drive med teater eller anna form for scenisk uttrykk, men det er ikkje eit krav. Noregs Ungdomslag er ein stor organisasjon innanfor amatørteatret og vi har gode tradisjonar for samarbeid mellom amatørar og profesjonelle. Difor har vi fått med oss Det Norske Teatret og Nordic Black Theatre på prosjektet. Prosjektet er eit samarbeid mellom frivillige amatørar og profesjonelle.
Øvingane vil gå føre seg ein dag i veke frå byrjinga av januar. Vi har fått øvingslokale på Det Norske Teatret tysdagar frå kl. 17.00 – 21.00. Det skal vere urpremiere på framsyninga under Norsk Amatørteaterfestival på det Norske Teatret i veke 25 i 2007. Det er planlagt to framsyningar.
Vi håper dette brevet har gjort at de no tenkjer på ei eller fleire kvinner som de trur kunne ha lyst til å vere med på dette. Vi håpar de kan hjelpe oss å få kontakt. Kanskje du som les invitasjonen er ei av dei som skal vere med?
Ta kontakt for meir informasjon. Interesserte må melde seg raskt og innan 11. desember.
Beste helsing
Noregs Ungdomslag
Mara Acantalicio Ida Marie Holmin
Festivalsjef kulturkonsulent
Tlf: 97 15 42 37 Tlf: 24 14 11 13
e-post: mhba@broadpark.no e-post: ida@ungdomslag.no
*