Turøy

Frå Wikipedia - det frie oppslagsverket

 
Jump to: navigering, søk

Turøy er ei øy i Fjell kommune, nord for Sotra i Hordaland fylke. Øya Turøy ligg om lag 40 kilometer nord- vest for Bergen. Grensa mellom Øygarden kommune og Fjell kommune går gjennom sundet som skil Turøy og Toftøy. Fram til 1964 høyrde Turøy, til liks med naboøya Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Øygarden kommune skipa, men Turøy gjekk inn i Fjell kommune. Tradisjonelt er det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som har vore levevegen. Turøyvarden står på det høgste punktet på Turøyna 74,51 meter over havet. Frå varden er det fritt utsyn i alle retningar. Varden er frå 1896, murt i gråstein og tjærebredd. Den er vel fem meter høg og har sirkelform, er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. Det kan ha vore varde her tidlegare. Turøy er ein god stad for fuglekikking, og Universitetet i Bergen har ein fuglestasjon på øya.

 

Foto by >  www.safsaf.org

صور بكاميرا الصفصاف ، ممنوع النقل إلا بإذن مسبق

bilde av >  www.safsaf.org

عودة<<< ، back , retur >>>

عودة<<< ، back , retur >>>

 

جميع الحقوق محفوظة لموقع الصفصاف2007©

Copyright©2007Nidal Hamad